Trazan 2 Rapporter innlegg Skrevet april 21, 2015 Så er vi i gong! Var på Solheim, nederst i Flekke-elva i dag, 21.04.2015. Der såg eg ein stim med nygått laks! Fekk berre telt 5 stk, då dei andre vart skremt og flytta seg lenger opp i hølen. 3 var rundt 5 kg, men såg to som var større. Herleg syn! Nesten synd at vi må vente heilt til 01.06.! Men, ein treng litt tid til kastetrening! Sesongen lover godt! Kanskje kan andre rapportere om "spotta" laks? Siter Del dette innlegget Lenke til innlegg Del på sosiale medier/andre steder
guru33 33 Rapporter innlegg Skrevet april 21, 2015 Var det ikke vinterstøing du oppserverte? Det er vel i tidligste laget med mengder av nygått laks på elva kanskje. Siter Del dette innlegget Lenke til innlegg Del på sosiale medier/andre steder
Trazan 2 Rapporter innlegg Skrevet april 21, 2015 Beklager, men dette var nok nygått fisk. Dei seinare åra har denne elva hatt ny fisk enno tidlegare enn dette. Eg kunne sjå merka etter lusa på bakre delen av ryggen. Det hender at ein på opningsdagen, 01.06. får fisk som er litt mørkare i skinnet enn nygått fisk, dvs at laksen har stått ei tid på elva. I fjor fekk eg min fyrste laks i denne elva 12.06.. Den var heilt utan lusmerker og litt raudbrun på farge, så den var nok ein april-fisk. For nokre tiår sidan starta fisket 15.05. og i "gamle dagar" hadde ein notfiske i sjøen tidlegare enn det - og fekk fisk. Trur vel ikkje at vi får skotske tilstandar, men ein del laks kjem tidleg, ser det ut for. Siter Del dette innlegget Lenke til innlegg Del på sosiale medier/andre steder
svensvik 226 Rapporter innlegg Skrevet april 22, 2015 Ikke ofte nevnt dette at det finnes/fantes elver i Norge som har/hadde tidliglaks og ellers den velkjente oppgangen særlig fra juli og de påfølgende måneder. Siter Del dette innlegget Lenke til innlegg Del på sosiale medier/andre steder
ford prefect 9 Rapporter innlegg Skrevet april 22, 2015 Etne er ei slik elv. Åpnet 1.mai før i tiden, nå er den stengt :( Siter Del dette innlegget Lenke til innlegg Del på sosiale medier/andre steder
Trazan 2 Rapporter innlegg Skrevet april 22, 2015 Eg bør kanskje seie at det er berre dei 5 fiskane eg fekk telt og som eg såg tydeleg, som eg er sikker på hadde lusmerker på ryggen. Dei andre fiskane som eg berre fekk eit glimt av før dei flytta på seg, kan ha vore ny fisk eller utgytt fisk som skulle ut i sjøen att. Det er nokså vanleg at dei står samla rett over flomålet tidleg på året. Det som er fint med denne delen av elva, er at det tidleg på året er greitt å sjå fisk frå brua på Solheim. I år har den store snøsmeltinga ikkje starta enno, så elva er ikkje så stor enno. Difor ser ein fisken som står her. Nokre år er elva stor på denne tida og då er det vanskeleg å sjå noko. Å spotte tidleglaks som går på elva er nesten like moro som å fiske etter laks! Siter Del dette innlegget Lenke til innlegg Del på sosiale medier/andre steder
baurhunden 15 Rapporter innlegg Skrevet april 22, 2015 Langt frå uvanleg med oppgang av laks i Flekke på denne tida. I gang i Etne og! Fyrste laksen teken i oppgangsfella på søndag. Feit hofisk på 5,3. 2 Siter Del dette innlegget Lenke til innlegg Del på sosiale medier/andre steder
Trazan 2 Rapporter innlegg Skrevet mai 6, 2015 I går, tysdag 05.05., var eg igjen på Solheimsbrua, nederst i Flekke/Guddalsvassdraget. Såg 8-10 laks. Den største var ikkje under 10 kg. Det kriblar no! Siter Del dette innlegget Lenke til innlegg Del på sosiale medier/andre steder