Hopp til innhold
Compaq

Flågefiske i vatn

Recommended Posts

Har hatt ein pause gjennom vinteren med flågefiske, og har repetert kasteteknikkar og slikt ei stund no. Skal til eit vatn (ikkje elv), og lurer på korleis fisketaktikken er i slike stille vatn. Det er mykje vak. Eg har ikkje vadeutstyr, så eg kan må stå på land og kasta. Korleis fanger eg fisk i vatn med flåge?

Takkar for svar,

Compaq

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Behøver ikke vadere for å rekke frem til fisk.. Hvilken type fisk er det du skal kaste på? Hvis det er Ørret, står det som regel mye langs etter land. Hvis jeg ikke har med vadere, Sniker jeg meg ned til vann kanten og kaster langs etter land. 2 meter ut.. Spott deg ut et vak og prøv å se hva den tar, ( Døgnflue,mygg,maur,klekker) . Så er det bare å legge ut flua :clapping: Resten er opp til deg, med tilslag og kjøring av fisken :biggrin:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Har hatt ein pause gjennom vinteren med flågefiske, og har repetert kasteteknikkar og slikt ei stund no. Skal til eit vatn (ikkje elv), og lurer på korleis fisketaktikken er i slike stille vatn. Det er mykje vak. Eg har ikkje vadeutstyr, så eg kan må stå på land og kasta. Korleis fanger eg fisk i vatn med flåge?

Takkar for svar,

Compaq

Hei Compaq.

Bli med noen som pleier å fiske i vann.

Hvordan du kaster,og hvilken/hvordan fortom du velger er mye,mye viktigere på vann,

og særlig stille vann.

Det er fullt mulig å stå 8m. fra vannkanten for å kaste 10m.

Med andre ord,flua lander 2m. fra kanten.Da vil ikke fisken se deg :biggrin:

Les disse:

Med flue på stille vann.(Ron Cordes/Randall Kaufmann.Til norsk ved Trond Fjeldseth)

Fluefiske i skogens stille vann.(Alf Rønneberg)

Endret av Tom Syversen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Hei,

Bruk fortom minimum 1 stanglengde.

Oppsøk områder med vind eller litt bevegelse i vatnet, dette maskerer utlegget og fortom. På slike plassar nyttar eg buskete tørrflåger som flyt god. Dra dei gjerne inn slik a dei striper litt.

Dersom det er blikkstille, fisken vaker men flyttar seg litt vekk frå der du har lagt ut kastet, og vil ikkje ta flågo, 1)bytt til lengre og tynnare fortom, 2) bytt til mindre flåga, 3)kast mindre, vent lengre, 4) drikk kaffi og forbann fiske på stille vatn (fortvil ikkje, anser meg som ein relativt oppegåande flågefisker, men tidvis så funker ingenting og eg nyttar meg av punkt 4)).

Evt, bytt til liten fortynga nymfe som du legg ut, ventar ei god stund og dreg saaakte inn.

Ikkje bruk jekla mykje tid på å bestem rett imitasjon, med mindre det tydeleg er ei klekking, fisken er selektiv kun 2% av tida (i Sunnhordaland 0,001%). Eg brukar 1)liten mygg, 2)maur, 3)stor vårflugeimitasjon, på stille vatn og får fisk. Fisken tek fluga dersom den ikkje evrt skremd av kasting eller fortaum, min erfaring etter utallige prøving og feiling og observasjoner.

Som nevnt tidlegare, fisken går kloss i land, spesielt dersom det er ein marabakke eller liknande attmed land.

Endret av josteink

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Gode svar, det har hjulpe mykje. I det vatnet der eg øvar på å kasta i tillegg til å prøva å fiska, er ganske grunt. Eg merka også i går at etter eg byrja å kasta, slutta vaka ganske kjapt. Eg stod heilt nede i vasskanten, så kanskje eg skremde fisken? Eg tenker slik at stor fisk = lengre ute og liten fisk = inne mot land. Det er sikkert feilXD

Eg fiskar i Sunnhordaland (skal til Eksingedalen seinare i sommar + Voss), så kva fluger bør eg nytta her? USA snakkar om deikra Adams, veit ikkje om den funker like godt her. Dersom eg hadde fått ei liste over namn på fluger + storleik, kunne eg kanskje kjøpt desse på nettet separert, i staden for flugepakkar som eg har kjøpt tidlegare. Det trur eg hadde hjulpe. Bør eg lesa ei bok om klekking, eller elles setja meg inn i læra om insekter?

Det er aure det er snakk om, forresten.

(fantastisk å kunne spør spørsmål her inne å få svar same dagen, verkeleg fantastisk, spesielt då eg ikkje kjenner nokon som kan fiska med flåge).

Ein ting til, finns det ei side der eg kan sjå når det vert holdt flågefiskekurs i nærleiken av meg (Sunnhordaland)?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Hallå Compaq.

Hvis det sluttet å vake etter at du begynte å kaste,så er det ingen tvil om at skremmer fisken.

Selv om du står helt nede ved vannkanten og skremmer fisken,så vil også fluesnøret skremme fisken

når det lander på vannet. :cry:

Men,er du er tålmodig og venter,og sørger for at snøret,fortommen og flua ligge helt i ro,så kommer

fisken tilbake.

La flua ligge helt stille.Og det betyr også at du og stanga ikke skal bevege seg.Hvis det ikke skjer noe da,

så dra litt i snøret og vent.

Vær tålmodig.

Her er en flue som du absolutt burde bruke.

En 18 - 20 - eller 22 krok. :biggrin:

http://business.virgin.net/fly.fishing/par...-blackgnat.html

Hvilken fortom bruker du da?

Tom

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Få kast og med en mening bak hvert kast er lurt. Unngå å skremme fisken. Ta deg god tid og observer. Ofte kan du finne fisk som går fram og tilbake langs land og vaker. Legg flua ut når fisken er et stykke unna og vent. Den kommer tilbake...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Hei igjen,

Dersom du likar å fordjupa deg i ting så sett deg ned med ei bok og lær litt om vasslevande insekt. Er laga eit par bøker om insekt som er retta mot flugefiske, trur Krogvold har nokre, stikk innom eit bibliotek og sjå der. Eg vil jo hevda at dersom du vel å kun fiske med ein march brown heile sesongen så vil du få like mykje fisk som visst du nyttar ulike tørrfluger. Men like morosamt, nei.

Eg fiskar mest med tørrfluger, fordi eg synes det er kjekkast, derfor får du her eit par tips om kva eg brukar i fjella på vestlandet. I eksingedalen så vil det vera mygg og vårfluger som dominerar.

Superpuppa, enkel og veldig effektiv, kan fiskast over og under overflata, med bevegelse eller ikkje, skal i utgangspunktet imitera klekkande vårflue men tur at den kan imitera litt av kvart, krokstr 12-18. Dei minste str kan og imitera mygg sikkert:

http://www.profish.dk/Fluefiskeri/Fluer/-%...ppa%202stk.html

Streaking, imiterar vårfluger eller liknande. Flyt godt og er lett å sjå, bra alterantiv for vatn med straum og vindige tilhøve. Brukar denne ein god del, ofte denne eg byrjar med på dagtid fordi den er god god god, krokstr. 12-14:

http://www.profish.dk/Fluefiskeri/Fluer/-%...ies%202stk.html

Hunpy, litt same som streaking, flyt god og er god allround fluge:

http://www.profish.dk/Fluefiskeri/Fluer/-%...mpy%202stk.html

Griffith gnat, liten og enkel, brukar denne i str 18-20 for å ha ein sjanse i mygghelvete, litt same som Black gnat, som og er ei super fluge:

http://www.fiskelinken.no/product_info.php...b9e0a314bbfdb14

Med desse tørrflugene skulle du ha ein sjanse. Har bevisst utelatt døgnfluger fordi det går ikkej så mykje av dei i fjellet på vestlandet. Dersom du vil ha med nokre døgnfluger i boksen så er Adams ei veldig god allroundfluge som du kanskje bør ta med. Str 12-14 bør funke ok.

Her har eg bare tatt med tørrfluger, men egmeiner personleg at ein bør ha mde eit par våtfluger i tillegg, eg bruker uliek enkle våtfluger i str 12-16, felles er at dei er mørke og duse i fargane, utan for mykje vinger o.l. Fluge som funker: March brown, Black pennel, Olsen etc etc.

Håper du får myke stor fisk, kom tilbake med ein fangstrapport !

Endret av josteink

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Takk for svar igjen:)

Så ein må vurdera forskjellege fortommar? Var ikkje klar over det, men det virkar jo litt logisk at store og tjukke fotommar skremmar fisken meir enn tynne. Eg plar kjøpa 4x. Den er litt meir enn ei stanglengd. Då eg fiska for eit par dagar sidan, så lot eg flåga ligga i vatnet i maks 10 sekund før eg kasta på nytt. Kasta eigentleg litt på måfå, trur eg. Skal tenka på å kasta mindre, ta meg betre tid til å studera kvar fiskane vakar, sjå etter mønstre, sjå litt på kva insekt som lev der framover.

Apropos kastinga. Eg klarar å kasta 15 meter med ganske god kontroll på sena. Får stort sett fortommen heilt ut, men har litt tendensar til å få lina til å treffa vatnet ganske hardt, så det plaskar ein del. Skal eg sikta lavare når eg presenterer flåga enn dersom eg tar nokre "false cast" (veit ikkje kva det heiter på norsk, hehe)?

Har lært veldig mykje i denna tråden. Og tusen takk for flågetipsa, hjalp meg mykje. Vil også sjå om eg kan få tak i ei slik insektbok de nemnde.

(vil berre nemna at eg merka veldig stor forskjell på ei vanleg flågelina og ei WF. Har tilgong på to stenger, så kan jo kanskje ha to forskjellege fortommar på dei?)

Compaq

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Hei på deg igjen Compaq.

En 4X leader kan være helt OK den.

Det du må tenke på er størrelsen på flua.

Hvis du for eksempel vil bruke en tørrflue i str.18,eller20,eller kanskje 22

så bli 4X altfor tykt.(Bittesmå fluer fisker ofte stor fisk. :biggrin: )

Det er smart å ha fortommsmatriale med seg.

Om du nå har 4X fortommen så kan du sette på en 5X og en 6X spiss.

(Spiss er en helt vanlig monofil senestump som du monterer helt ytterst på

fortommen din.)

Noen ganger kan jeg vente mange minutter før jeg kaster på nytt.

(Husk på at fisken vandrer rundt i vannet,og hvis fisken ikke ser flua di så er det

ikke så rart at den ikke tar. :biggrin: )

Hvis lina og fortommen treffer vannet ganske hardt,så sikter du for lavt.

Sagt på en annen måte,du har for stor fart på snøret.

En ting som er smart å trene på er å lære seg å justere nedlegget.

Hvis du trekker i snøret og løfter stanga etter at du har stoppet,så får du

større fart på snøret.

Om du senker stanga (og ikke trekker) etter at du har stoppet så får du lavere fart

på snøret.

En vanlig flueline,er det en DT kanskje Compaq,siden du sier at den er veldig ulik en WF line?

Ta en titt på denne:

http://www.youtube.com/watch?v=VqFwynIE45A...32C&index=4

Tom.

Endret av Tom Syversen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Dårleg formulert av meg, med vanleg meinte eg Level, ei som visstnok er like tjukk over altXD

Har funne ut at dersom eg sikter for høgt ved nedlegget, vert det mykje sikk-sakk-sen i vatnet, den strekk seg ikkje heilt ut. Har forstårr det slik at det kan vere nyttig i visse elvesituajonar...

Har ei bok som heiter "Teknologisk forlags store bok om sportsfiske", kor det er eit eige kapittel om flågefiske. Står ein del om tørr- og våtflågefiske, samt nymfefiske og streamerfiske. I tillegg er det ein del teori om fortom, bakline (fann ut at eg hadde nesten 40 meter for mykje bakline på snellaXD) og flågeline. Det finns visstnok fleire tjukkelsar på flågelina, alt etter kva ein skal fiska. Har i alle fall mykje å læra meg :thumbup:

Eg har også ein tendens til at sena tar nedi bakken i bakkastet. Tar sikkert stanga for langt bak, evt venter for lenge på framkastet. Trur kanskje eg tar litt hardt i i kasta, men det veit eg ikkje sikkert. Burde absolutt vore på eit kurs, for å ikkje laga meg permanente uvanar.

Har også ein del problem med nokre knutar, meir spesifikt blodknuten. Eg får rett og slett ikkje til det "holet" i midten som eg skal stappa endane nedi. Fysisk umulig. :blink: Heldigvis er det ein del videoar på youtube som tar for seg viktege knutar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Hei!

D har fått mange gode svar! Ta deg god tid, la fisken vake nokon gonger, og sjå nøye om det er eit system i vakinga. går fisken faste rundar, går den fort /seint. ein føresetnad å vite kva den et!! Kast kort fyrst, og ikkje rett inn i vaket. :msn-wink: . Stå på! TOLMODIGHET!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Har verkeleg fått mange gode svar her, ja. Vil påstå eg har tatt til meg mykje lærdom i løpet av sommarferien. Skal fiska i helga litt, men det regnar og bles. Veit ikkje kva eg skal gjera då. Sjå tråd i "Fluefiske" forumet... hjelp, hehehe:))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

har forresten kjøpte meg fluger på fiskeglede.no den dere stillwater 45 fluger eitelleranna... satser på at det er nokre vetige fluger der...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på sosiale medier/andre steder

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Svar på denne tråden...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Laster...

×
×
  • Legg til ny...