Hopp til innhold

Compaq

Medlem
  • Antall innlegg

    83
  • Registrerte seg

  • Sist pålogget

Omdømme på forumet

0 Nøytral

Profilinformasjon

  • Favorittfiske
    Aurefiske i elv/vatn
  1. Eg er av den oppfatning at skal ein fiska, men ikkje med fluge og ikkje med sluk, så skal ein ha levande agn Til dømes, når eg er på hytta på Voss, dedikerer eg ein times tid til å grava etter mark i "ikkje-for-ferske" kudritar. Dei beste er dei som har låge eit par år, gjerne som har vorte litt raude, aller helst med soppvekstar på! Her finn ein ofte små marksamfunn! Det er ei fantastisk kjensle å dra opp "bestefaren" i markefamilien (som regel den styrste) utan å rive han i to. Det oppstår umiddelbart eit relativt nært forhold mellom meg og bestefaren, så nært som eit menneske-mark-forhold kan koma, vil eg tørra å påstå. Etter å ha kome til "godhølen" trer eg bestefaren innpå mustadkroken, og spyttar på kroken samstundes som eg seier "tviren". Dette er ei slags takk til marken. Eg klargjer bambusstanga for dagens fangst! Eg "slenger" marken uti hølen, passar på å ha kontakt med bestefaren, og i det eg kjenner små vibrasjonar strauma gjennom bambusfibrane, slenger eg kilosauren opp i brakebuskane bak meg. Der var kveldsen fanga. Hmmm, eg har ikkje eit perverst forhold til mark og kudrit, sjølv om historien kanskje gir dette inntrykket....
  2. Eg er kanskje nybyrjar på flugefiske, men bambusstang og mark kan eg Eg undrast, kvifor er fisken å interessert i mark? Det kan ikkje vera særs ofte meitemark hamnar i elva. Kan det vera på grunn av ein relativt stor masse? Det er nok ein del mat i markar for ein fisk? I tillegg er dei jo levande, så lukta har kanskje noko å seia? Compaq:)
  3. Det eg ynskjer å fiska etter, er aure. Eg har berre ei femmarstang, og snella har ikkje brems (så alt for stor fisk taklar den ikkje). Også interessert i gode øvingsstadar for flugekasting. På førehand takk:)
  4. Eg skulle berre ta meg ein liten kasteøvingstur med stanga, men etter at eg har lese ein del om imitasjonsfiske har eg vorte meir bevisst på saker og ting som lever ved vatnet. Eg såg ganske mykje flygemaur inne med land, samt litt lenger ute. I tillegg kom det etter kvart ein lite "teppe" av døgnfluger over eit avgrensa område på vatnet (eg vassa ut og fanga eit par med sommarfuglhoven). Det vaka littegrann, men ikkje mykje. Inga klar overflateaktivitet. Dei få vaka som var (eller som kom etter kvart), såg ut som buklevak. Desse vaka var i tillegg lenger ute enn svermingane eg såg, noko som får meg til å undra kva fisken egentleg åt. Det var ganske grunt der svermingane var, så kanskje fisken var redd? Det var ganske lyst ute. Likevel, kveldsvaka plar vera så langt inne i vatnet. Eg har aldri tenkt på denne måten før, så kanskje eg er på viddene. Det er litt vanskeleg å finna ut kva fisken eigentleg et, særleg der eg var no, synest eg. Eg klarte ikkje sjå med kikkerten kva som var på overflata der kor fisken vaka (buklevak, såg eitt hoppevak). Den åt då, trur eg, mest sannsynleg anten i filmen på klekkarar eller rett under overfalta på nymfer / pupper på veg opp. Så, kva hadde de gjort her? Blindfiska litt? Sidan det såg ut til å klekka litt vårfluger inne mot land, er det nærliggande å tru at det også var ei vårflugeklekking lengre ute, men at eg rett og i ikkje såg insekta (dei er jo tross alt små, og er dei 30 meter ute er dei vanskelege å sjå, sjølv med kikkert). Kan flygemauren ha kome seg så langt ut? Eg skulle tru at den heldt seg nærmare land der treet deira var. I det heile, dette var gøy, å sjå på insektlivet. Eg fekk i tillegg nokre openberringar når det gjaldt kastinga (eg har generelt tatt i for mykje i forhold til kastebogen min, og har difor fått ein del grisehalar. Desse vart sterkt redusert då eg brukte mindre kraft med same kasteboge som tidlegare). Find ettermiddag!
  5. Eg kunne tenkt meg å ta flugefiskinga til det neste steget! Eg held på å lesa Pål Krogvold si "Fluefiske fra A til X", og kjenner meg veldig igjen i det å kun ha auge for fisken, og evt det at den vakar, uten å ofra det spesifikke insektlivet ein einaste tanke. Eg vil starta med imitasjonsfiske! Så, det er no ei rekkje ting eg kunne tenkt meg, til dømes ein liten kikkert og ei lupe. Det eg lurer på angåande dette, er om nokon har ein rimeleg kikkert og ei lupe å anbefala, samt kva for forstørringar som er praktiske. Så den litt meir kostbare delen; flugebindinga. Eg må jo ha utstyr, samt material, evt litteratur ("Vi binder fluger" av Krogvold høyres bra ut). Så, kva utstyr treng eg til flugebindinga? Kanskje eit dumt spørsmål, men men. Eg er rasklærd, og trur sjølvælring er noko eg meistrar. Takkar for hjelp:)
  6. Eg pitlar littegrann på tanken om å starta å binda mine eigne fluger. Eg las "Insektlære for fluefiskere", og fann denne boka særs interessant. Eg har i tillegg nettopp starta på "Fluefiske fra A til X", og ser fram til flugebindekapitlet her. Eg kjem over uttrykk som "no-hackle-fluer", og ein del anna ukjend terminologi, og kunne tenkt meg å lesa litt om fenomenet flugebinding. Bøker som kun presenterer flugemønster er eg ikkje interessert i, i alle fall ikkje per dags dato. Bøker som presenterer redskap, verktøy og alt det ein treng, samt eigenskapar og liknande til ulike material, hadde vore fint. Har nokon ei bok eller to å anbefala? Eg tek gjerne i mot fine nettsider på temaet, også. Helsing sunnhordalending
  7. Som lokalbuande i Kvinnherad, kan eg seia at der har voret fanga særs lite laks inn att - berre rundt 300 trur eg. Får satsa på at det vert fanga fleire laksar i garna framover.
  8. For meg er korte kast 5 meter + fortom, og lange kast opp mot ti meter + fortom. Problemet førekjem i dei fleste kast, med mindre eg lar snøret gå rett over hovudet mitt (tiltar ikkje stanga ut frå kroppen). Med ein gong eg tiltar ut frå kroppen, fører eg av ein eller annan grunn ikkje stanga i rett linje. Kanskje eg skal få bror min eller søster mi til å filma meg, for så å analysera det?
  9. Tenkjer ikkje på grisehalar (sjølv om dei førekjem regelmessig også), men det at snøret legg seg i ein bue på vatnet, og ikkje rett. Eg klarer faktisk å kasta snøret ut rett, men det følest litt rart. Eg har nok kasta feil ganske lenge. Kunne tenkt meg på eit kastekurs/fiskekurs, men det måtte vore på vestlandet mellom Stavanger og Bergen.
  10. Eg var innom ein fiskebutikk i markens gate i Bergen for nokre veker sidan, og kjøpte meg nokre myggimitasjonar. Dette er særs små fluger, str 18 kanskje? Med så små fluger, kva tjukkleik skal eg bruka til fortommen? Eg bruker vel helst fluger i str 14-18. Eigentleg held eg på med å perfeksjonera kasteteknikken endo. Eg har den "svaien" på snøret når det legg seg ut. I følgje Krieger, anten 1) beveg eg ikkje stanga i rett bane, men i ein liten bane, eller 2) eg vrir handleddet i det eg fører snøret fram. Eg såg ein særs god instruksjonsvideo med mange feil som nybyrjarar gjer. Elles takkar eg for svar!
  11. Med dårleg erfaring, kva meiner du med det? Agdars har pleid å ha Rio før, men fann det ikkje. Difor kjøpte eg Frog hair. Eg satsar på dette førebels, dersom eg merker dårleg kvalitet, bytar eg gjerne ut. Eg fiskar ikkje så veldig mykje, så eg satsar på at vadebuksa held mål. Kanskje det er skoa som gjorde ordinærprisen så høg? Likevel, dette vert mi fyrste vadebukse, og det opnar for nye moglegheitar:D Takkar for hjelp på fortommen. For fiske i stille vatn, der kanskje fisken er litt sky, kan eg nytta ein litt lengre fortom, til dømes omlag to stanglengder som du kom med. Dersom eg skal fiska i elv, så er det bale med så lang fortom. Nokon ide på korleis eg kan laga ein fortom for elvefiske? -Anders
  12. Eg har snart fortomsmateriale i følgjande tjukknadar: 50mm 40mm 30mm 22mm 18mm 16mm 12mm Dette skulle vera nok for konstruera min eigen fortom, i staden for å kjøpa heile. Dette vil eg spara pengar på, og eg vil læra meg ein del om fortommar i tillegg. Så, eg brukar fiska i vatn eller elv, etter småaure (maks 700g). Eg antar at fortommen kan vera litt kortare ved fiske i elv, då vatnet er uroa der. Så, kor mykje av kvar tjukknad skal eg bruka? har nokon ei oppskrift som eg kan bruka? Når det gjeld vadeklede, har eg nettopp bestilt innwater m/ crosswater sko frå Agdars. Eg såg den kosta ordinert 2700,-, så eg antok at dette er ei dugande vadebukse + sko. Har nokon erfaring med denne? http://www.agdars.no...m&ID_Item=10986 Takkar for svar edit: eg har ved ein feiltaking brukt fortomsmateriale som synk. Dette har vore særs plagsomt, då tørrfloga får problem med å flyta. Eg har kjøpt følgjande frå Agdars: http://www.agdars.no...m&ID_Item=10996 Denne flyt på vatnet, sant?
  13. Compaq

    Nytt utstyr

    Var ikkje på jakt etter bruktutstyr nett no... Lurte berre på om det eg fann er brukbare tilbod som det er trygt å kjøpa, evt om de har anbefalingar i gitt prisklasse.
  14. Compaq

    Nytt utstyr

    http://www.skittfiske.no/aspx/produkt/prdi...aspx?plid=48293
  15. Compaq

    Nytt utstyr

    Kva for av desse tre alternativa ville de vald? Evt kanskje har de nokre andre forslag som ikkje overskrider den høgaste prisen her..? http://www.gronbergsport.no/storefront.php?pid=54 2399,- --------------------------- http://www.agdars.no/index.php?c=2&kat...p;ID_Item=12044 1465,- -------------------------------- http://www.agdars.no/index.php?c=2&kat...p;ID_Item=10588 2050,- http://www.agdars.no/index.php?c=2&kat...p;ID_Item=10840 875,- http://www.agdars.no/index.php?c=2&kat...p;ID_Item=11642 599,- http://www.agdars.no/index.php?c=2&kat...p;ID_Item=10700 250,- totalt: 2899,-,- eller 3175,- -------------------------------- her er også eit alternativ: http://www.skittfiske.no/aspx/produkt/prdi...aspx?plid=37494 veil: 3299, no: 899 -------------------------------- ein til: http://www.skittfiske.no/aspx/produkt/prdi...aspx?plid=49628 1699
×
×
  • Legg til ny...