Hopp til innhold

Ally's_shrimp

Medlem
  • Antall innlegg

    402
  • Registrerte seg

  • Sist pålogget

Alt innhold fra Ally's_shrimp

  1. Tidligare var Ally's shrimp fast inventar i flogeboksen, etterkvart har eg hatt gode erfaringar med diverse pot belly's, gjerne på fortynga tuber. Eg kjøpte nokre Sean Stanton tuber i vinter, og fant bindebeskrivelsar på Franc'n snaelda, ein slags hybrid mellom snaelda og frances. Eg har bitta opp i svart, svart&blå, svart&orange og ein variant inspirert av Willi Gun. Flogene ser vitterlig spennande ut, men om dei fanger fisk, gjennstår å sjå. Nokon som har erfaring med desse, og korleis dei bør fiskast? Djupt og sakte, med fokus på inntrekk har gitt resultater med pot belly's, trur kanskje det er vegen og gå med desse også?
  2. I år blir det dei lokale elvane Flekke og Dalselva dersom regngudane er på mitt lag i år. Utover det, blir det andre veka i Juni brukt på upper Namsen, so blir det fire døgn i nedre del av Lærdal, i juli blir det ei veke i øvre delar av Lærdal, samt innom Gaular eit par dager, dit skal eg også i september. Berre det kan regne skikkelig innimellom turane mine, slik at eg får fiska heime også, skal dette bli ein fantastisk sommar :-D
  3. Eg skreiv feil, det var ei xact 12,6#6 ;-) Eg trur det skal være innafor, det gjennstår å prøve ;-)
  4. Ingen? Eg tenker å prøve med 44 gram på evotec og ca 23 gram på xact, verkar det fornuftig?
  5. Kan nokon gje meg eit tips om klumpvekt til evotec 15#10 og xact 13,6#8? På førehand takk.
  6. Ei Speyco skagit med finish i børsta aluminium kom i posten for ei god veke sia. Ei ny er på veg, med snakeroll og finish i bly og messing - fantastisk vakker snelle!Bilete kjem når begge snellene er i hus
  7. Streamstix salmonseeker 14,9#10/11, nokon som veit ca klumpvekt som passar denne?
  8. Signature er markant raskare og har meir toppaksjon en inspire. Meir kresen på timing og teknikk - men du verden som den stanga går når teknikken sitter ;)
  9. Eg opplever dei som litt snillare, men det er ikkje mykje forskjell. Men ein skal vere bevisst på at dette er klumper som er adapted. Klumpane er designa for bruk saman med poly. Det går sjølsagt fint å bruke dei utan, men frontaperinga er kort, og det merkar du dersom du er opptatt av å kaste ''fint'' og du manglar polyleader i front.
  10. 13,1#9 til tohands laksefiske 9,6#7 til laks og sø
  11. Gammal men spennande tråd! Som trådstarter, har eg også undra over kvifor desse flogene har rykte på seg for å enten kroke fisken, eller tømme hølen for fisk på Island. Eg trur måten den blir fiska på er grunnen til resultata på Island, og grunnen til at dei ikkje virkar tilsvarande her heime. Etter å ha sett ein del filmar og lest ein del om laksefiske på Island, har eg eit inntrykk av at det fiskast temmelig lett, med det meinar eg at dei fiskar mest i dei øvre vasslaga. Dei nyttar flyt, sinktip og intermediate mest er mitt intrykk. Og samstundes får eg også eit inntrykk av at flogene er mykje bunde på plast eller alurør, eller krokfloger. Her heime fiskar vi kanskje jevnt over tyngre? tunge synkeliner og fortynga floger som sveiper jevnt forran nasa på laksen. Og det er kanskje litt av årsaken til at ein frances funkar betre på Island, der fiskar dei primært i øvre vasslag, funkar ikkje det brukar dei ei frances bunden på messing og fiskar den slik at den stiger rett forran nasa på laksen.Fisken har slumra på boten av hølen og gløtta opp på sunray's som har passert 2-3 meter over hovudet på den - brått kjem det ei stor raud gullerot rett framfor nasa på han - hadde vorte provosert eller skremt eg også Og brukar vi denne floga her heime, fiskas den som regel slik som vi fiskar alle andre floger.Kast tverrstraums og med sveip over..
  12. Alt for ofte blir fisket rutineprega. Hølen fiskast gjerne med ei f/s line og t.d ein sunray. Funker ikkje det, går eg djupare med ein pot belly. Overflatefiske etter laks er steike artig, men av ymse årsaker blir det ofte nedprioritert. Eg har mest erfaring med hitch, som er ein utruleg artig og effektiv metode. Men i år tenkte eg å suplere med litt tørrflogefiske også, eg har skaffa meg kvite bombers på tube i ulike storleikar og monsterCaddis. Når ein fiskar bombers, er det dead drift - som oftast. Monster caddis har eg lest blir brukt både dead drift og stripande. Er det nokon som har erfaring med tørrflogefiske etter laks, som kan dele litt erfaringar? Brukbart tidlig i sessongen? Farge, storleik osv..
  13. Til dykk som vurderer å mekke skagit til einhands for trange og vanskelige forhold, vurdert å kjøpe ei ambush-line, og setter på ein hurtigsynkande poly? Eg er blitt heilfrelst i desse snøra, litt brutalt - men til praktisk fiske er dei fantastiske!
  14. Nokon som veit meir om framtida til zpey?
  15. Zpey sine produkter har tiltalt meg veldig. Stengene har ein aksjon som har passa meg 100%, flott finish og litt anderledes - det syntes eg er positivt. Og at stengene er merka med vektanbefaling og at ein vidare kunne plukke klumper rett ned av butikkhylla i korrekt vekt, i den lengda ein sjølv likar - syntes eg var ein veldig stor fordel. So forsvinner dei, kjem eg til å sakne dei..
  16. Trudde eg hadde alt eg trengte - og det hadde eg strengt tatt. Men so var det salg på "mine" stenger og resultatet vart ei ekstra 13 foter og ei ny switch... sukk...
  17. Hvis du fiskar på plassar der du ikkje kan nytte S3, fordi det er for grunt - so ville eg søkt mot djupare vatten. Dei store ruggane eg har fått vinterstid, har vore på plassar med djupne frå 1,5 til 5 meter. Overflatevattnet er kaldt i desse dagar, fisken står ofte djupare en vi trur på denne tida - og er meir aktive der nede fordi temperaturen er høgare. Finn deg litt djupare ''hølar'' og kast ut, tell til 50 og trekk inn ;)
  18. Sjølv om vinteren solangt er mild, er det kaldt i sjøen - so der er temperaturen som normal. Eg vil heller finne eit geografisk område som stemmer med mine erfaringer (straum, djupne og brakkvann) og bruke litt tid på desse plassane. For finner ein slike plasser, er det som regel alltid fisk der. Men tida fisken brukar på matsøk er konsentrert i forhold til andre årstider. Stamina og tålemod er noko eg prioriterer meir en moblitet og variasjon på vinterstid. Men det er nok mange vegar til Rom ;)
  19. På vinterstid står fisken kaldt, s3 syntes eg er optimalt i januar/februar. Sø står vanligvis veldig grunt, men når det er på det kaldaste, står den ein del djupare. Plassar med brakkvann, straum, marebakker og liknande kan være lure plassar å prøve. Bettida kan ofte vere konsentrert, du kan fiske i fleire timer på samme plass uten napp - og i løpet av den neste halvtimen biter det på annakvart kast. Eg fisker utelukkande på dagtid, og kraftige farger er det som gir meg mest fisk når det er kaldt. Sjokkrosa reke o.l. Det er mine erfaringer kring vinterfiske på sjøaure, lukke til ;)
  20. Mirage tinsel, opal er den "fargen" av denne typen tinsel som er nesten gjennomsiktig, eg har den også med gulskjær og orange. Send meg ein pm om du vil vete kor du kjøper
  21. Eg har snevra mitt utvalg ned til to floger til både laks og sjøaure i havet. Til laksen brukar eg ein sunray shadow inspirert bastard og pot belly pig. Til kystfisket brukar eg jiggy og ein enkel rekeimitasjon. Eg savner ikke tidene med 4 flogebokser i lomma på veg ned i elva.
  22. Det er ein god del mellom svart og kvitt, Mr. Nobody. Eg meinar at færre av oss langs elva til ein høgare pris - er ein overkommelig pris for å unngå å øydelegge elvane totalt. Syntes det blir feil av fiskerane å klage over at det er for lite laks i elvane - når fisketrykket og utaket er so høgt som det har vore i t.d Gaula og Orkla siste 10 åra. Ein kan skylde på so mangt: oppdrett, lakselus, mangel på mat til laksen i havet, vær, vind osv. Men ein må ta ein bit av den sure kaka sjølv også...
  23. Og like fordømt kjem Gaulas elvebredd til å stå stinn i fiskarar gjennom heile neste sommar også - der majoriteten måler kvaliteten på sitt fiske i daude laks i frysen..
  24. Laksefisket er over for denne gang, innkjøp av utstyr og neste sommar's fisketurer er so smått under planlegging. Men snart byrjar ein sessong som til sjuande og sist har gitt meg like mykje fine opplevingar som laksefisket! sist vinter var tragisk dårlig fordi det var beinkaldt og islangt til laaangt over påske. Håpar på ein meir sympatisk vinter i år. Syntes vinterfiske kan vere utruleg kjekt - periodar med isfrie hotspots i januar, kombinert med rosa reker og S3 har gitt meg mangen fine opplevingar og store aurar. Men eg har aldri fiska av betydning på hausten, byrjar som regel mot slutten av desember - dersom det er ope vaten. Kanskje ein skulle forsøkt ein tur eller to i oktober og november også?
×
×
  • Legg til ny...