Hopp til innhold

Kelpie

Medlem
  • Antall innlegg

    132
  • Registrerte seg

  • Sist pålogget

Omdømme på forumet

0 Nøytral

Kontaktinformasjon

  • Web/blogg
    http://

Profilinformasjon

  • Bosted
    Bergen
  • Favorittfiske
    fettfinnefisk
  1. Nydeleg:) Eg kjem i alle fall, så då er vi minst to:)
  2. Kjekt tråd dette, sidan eg er ein av dei som stadig sjeldnare er inne på ff.net... for min eigen del er det heilt klart forumet det som trekk meg inn hit. Det redaksjonelle stoffet her er heilt greit, men det er for lenge mellom nyhendene til at eg gidd å sjekke ofte(noko eg har full forståing for, då sida blir drive på frivillig basis). Når det gjeld forumet er det hovudsakleg to grunnar til at eg sjeldan er her: 1. Denne tråden er vel eigentleg grunn nok... Når sjølv moderatorar forsøplar tråden med te-preferansar og lovnader om at dei fortsatt kan både drikke og banne, trur eg fleire enn meg finn tråden mindre spanande enn ein diskusjon om korleis forumet/ff.net utviklar seg. Eg er på ff.net for å lese/skrive/drømme/meine noko om fluefiske, og det blir det(stadig mi subjektive meining) stadig mindre rom for her inne... 2. ccs/stangbøying osv... ikkje mi greie, men har full forståing for at mange er opptekne av det.
  3. Det er vel berre laksefisket som blir stengt er det ikkje? Den artikkelen om stengte elver gjeld vel berre elver som er stengt for laksefiske??? I alle fall dei elvene eg kjenner godt til.(men eg har ikkje lest artikkelen så nøye) Men sjøaurefiske er lov i Vosso også denne sesongen. Men eg ville ikkje reist veldig lange avstander for å fiske der.....
  4. Har vore der i dag eg også, og det var ok på fluefiske... viss du ikkje har fått prøvd Sage i Bergen har du vel ikkje prøvd så hardt... Fluefiskesenteret hadde vel berre reduserte opningstider dei siste månadane før dei gav seg. Og før det hadde Nordisk fiskeutstyr, Finn de lange og fleire til Sage... Så nå er det fortsatt tilgjengeleg.
  5. Når det gjeld nattfisket så har eg ikkje hatt godt utbytte av det før det blir varmare i vatnet... Det kan sjølvsagt vere nokre kodar eg ikkje har tatt knekken på, men mi erfaring er at nattfisket er ganske trått fram til april/mai. Men då er jo brunaurefisket i gong. Og det er jo uansett mykje, mykje kjekkare:)
  6. Tidene til Firda pleier å vere riktige, ja. Men om flo og fjøre påverkar fisket er noko anna;) Spiraldungene er det vel Børstemarken som har laga... men det er nok for tidleg for dei heilt store svermingane endå. I allefall har eg aldri truffe dei så tidleg... ps. Baurhunden2... Erdalen ligg vel ikkje i Sognefjoren:) Men eg er heilt einig, nattfiske i fjorden er ikkje det heilt store. Det vere seg Sogne- eller Førdefjorden...
  7. Kjære kyrkjefolk. Påska går mot slutten, og det er på tide å gå i seg sjølv. Har de fiska nok? Sjølv har eg hatt eit kremfiske heile påska:) Eg har fått mykje fisk, sett mykje fisk og generelt hatt det jævlig fint ute... Og vips, så såg det ikkje så gale ut i fjorden likevel. Kanskje, men berre kanskje, var ikkje alt betre før...
  8. Kvifor, i alle dagar, skulle det vere grunn til å tru at hundane vi brukar er betre behandla enn desse? Men dette har vi vel vore innom før her på forumet...
  9. Skal prøve Sognefjorden i dag, Tysdag eller onsdag. Vil du henge deg på?

  10. Ja, det er framleis litt tidleg. Sjølv om eg har fått eindel fisk før mars også, har det vore ganske god innsats for å treffe... 3 grader er som du seier litt lite, men snart, snart :)
  11. Det er no vel verkeleg ikkje så ille stelt med Sogn og Fjordane at vi treng å nemne oslofjorden??? Sognefjorden er lunefull, sjølv i gode periodar kan det vere dagar der ein ikkje ser fisk. Dersom ein skal reise langt, ville eg hatt eit godt auge med vermeldinga. Kong Vinter kan fortsatt være litt vrien. Alt i Alt er Sognefjorden alltid verdt nokre timar i bil!
  12. Jølstra blei ikkje freda, men laksen blei freda. heldigvis. Det blir opna for sjøaurefiske 10.07-31.08, med døgnfreding mellom 06-18. Kvoten på sjøaure vert sett ned frå 3 til 2 pr. døgn. Meir info om S&Fj her: http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=430&amid=1925876
  13. Bergen hadde vore bra, trur nok det ville vore eindel som stilte her også... ps. Bergen Casting har booka vestlandshallen frå 16-19 i dag...
  14. Er det nokon som fiskar i sogn og fjordane for tida???? eg var heimom ein liten tur, men etter to lange og ein kort tur har eg ikkje sett ein sjøaure... har dåke fiska alt, eller er det fullstendig krise både i jølstra og førdefjorden??? Anything? Anyone?????
  15. Det kan vi, men eg er veldig skeptisk til å bruke C&R som metode i eit vassdrag der bestanden er truga. Uansett kva ein måtte meine om fang og slepp, så er det veldig mange som ikkje gjer det riktig. Rett og slett fordi dei ikkje er interesserte nok i å lære det. (Dessutan finnest der brustne kar overalt, som ikkje er interessert i å ta vare på laksen). og det er ikkje alle som er like opptekne av fluefiske og fiskeforvaltning...
×
×
  • Legg til ny...