Hopp til innhold

bondalspesial

Medlem
  • Antall innlegg

    122
  • Registrerte seg

  • Sist pålogget

Omdømme på forumet

1 Nøytral

Profilinformasjon

  • Favorittfiske
    laks og sjøørret

Siste profilvisninger

1 312 profilvisninger
  1. Har både Nextcast WA og SF i ulike variantar. Zone har eg ikkje prøvd, men Nextcast sine liner er det beste eg har prøvd til alle spey-variantar. Fra 35 til 45 fot.
  2. Tusen takk!! Det skal eg gjere. Supert å få tilbakemelding såpass raskt frå erfarne deltakarar på forumet
  3. Då blir det nok Danielsson i ein eller annan form. Veit de om det er toll på denne, eller sleppe ein frå det som EØS-medlem? Eg ser Danielsson opererer med to prisar når ein skal bestille.
  4. Treng god snelle som tåler ein støyt til CND stanga mi. Den bør ha innvendig ramme, då eg fiskar med skyteline, og den må ha god brems som tåler ein del pådrag. Eg nyttar både snellekant og brems på snella på stor fisk.
  5. Eg har fleire stenger som aldri blir til salgs: Powell sin Legacy, Sage sin 15'1, og, hald dykk fast, ein moderne klassikar: CND Steelhead 14'2. Av klassikarar eg ikkje har, men har lyst på: Meiser-stenger (og meir CND).
  6. Heimeelva mi, Ørstaelva, skal det fiskast litt i. Der har eg fiskerett. Vidare skal eg i to omgongar til Rokkones i Orkla og ein gong til Gaular i Sunnfjord for å fiske laks.
  7. Tippar klumpen har meir konsentrert vekt då 6,7 meter er kortare enn 9,1 meter. Mesteparten av grainsvekta er då plassert på 6.7 meter.
  8. Eg forhøyrde meg med gjengen på sportsbutikken.no. Dei anbefaler 360 (dvs. 23 gram) på ei aftm 8. 320 grains vert for lett.
  9. Kva er inntrykket av denne? Er den noko i nærleiken av Royal Wulff Ambush lina? Eg tenkjer å nytte denne til spey/skagit kasting med einhands fluestang. Eg har ei Scott S4 9'6 fot Aftm 8. Er det ein brukbar kombinasjon?
  10. Har nokon prøvd AFTM 7-8 kontra 8-9 her? Har stanga litt rygg eller blir den for lang og slaskete til klumpvekta? Eg vil og nytte synkeliner til stanga... .
  11. Høyrest ut som ei bra stang det, men den er 9/10, og eg treng noko som kastar 10 meter klump på 30 gram langt. Eg gidd ikkje å kjøpe meg fleire klumpar no, og eg har ei kortare stang som kastar 30 gr. greitt som eldstejenta kan få prøve seg med... .
  12. Eg treng ei stang som er relativt rask, men med aksjon som går ganske djupt ned. Kjapp 3/4 aksjon eller 1/2 aksjon passar bra. Stanga må passe til klump på 30 gr. på ca. 10 meter og ikkje koste over 5000,- Eg vil kjøpe nytt slik at eg har garantiordning på den.
  13. Er det nokon som har erfaringar med desse? Korleis lager ein løkker på desse? Er de nøgde med dei?
×
×
  • Legg til ny...