Hopp til innhold

baurhunden

Medlem
  • Antall innlegg

    2 156
  • Registrerte seg

  • Sist pålogget

Omdømme på forumet

15 Nøytral

Om baurhunden

  • Bursdag 12. feb. 1970

Profilinformasjon

  • Kjønn
    Mann
  • Bosted
    Sogndal

Siste profilvisninger

3 772 profilvisninger
  1. Har fiska i Scotland i april dei siste åra. Me har fiska litt for langt oppe i vassdraget, på Monaltrie and Lower Invercauld, ift. kva som er optimalt ift. tidspunkt. Men du verda for ei flott elv og ei flott strekning! Me har hatt nesten halvannan mil elv til disposisjon på 4-5 fiskarar. Dei flottaste hølane ein kan tenkje seg ligg som perler på ei snor nedetter dalføret. Dei flotte hølane og naturopplevnadane er i utganspunktet nok til at dette blir ei oppleving utanom det vanlege. Dyrelivet er mangfoldig og nært, kvar dag opplever ein å sjå hjort, rådyr, fasanar, ville kaniner og fleire artar av rovfuglar på nært hald. Som oftast får ein og ei tidlegare vårkjensle når ein reiser frå eit grått og noko snødekt område i Noreg over til Scotland med grønt gras, fuglekvitter i øyro og blomsterbløming lang elvebreidda. Det er flott å reise over for å kome i gang med sesongen, kastinga og gjerne litt uttesting av nytt utstyr før alvoret brakar laust her til lands. Eg brukar seie at å reise til Scotland på vårparten for ein laksefiskar blir omlag det same som når eit Tippeligalag reiser til La Manga på ettervinteren for å trene å spele treningskampar..!:-) Ein kjem seg vekk, trenar og ladar opp til den viktige sesongen. God mat, godt selskap med gode fiskekompisar, litt kulturelle opplevelsar med lokalt brygg er og ein del av dette vårfisket i Scotland. Eg er viss på at du hadde trivast veldig godt med ein vårtur til Scotland, Nobody..!:-)
  2. 100% C&R i River Dee, har vore det i ei lang årrekkje. http://www.fishpal.com/Scotland/Dee/Regulations.asp?dom=Dee Den Dee-elva som Nobody linkar til er Galloway Dee, ei lita filleelv med svart vatn som ingen fiskar i...!:-)
  3. I ein normalsesong er juni i tidlegagaste laget, men skal normalt vere ein og annan fisk i dette området frå slutten av juni. Prime time frå midten av juli og utover. Retten er bygd opp av mange korte terskelhølar. Passande for 2-3 mann. Tradisjonelle tubefluger med innslag av svart, grått, blått, sølv fungerer bra i Lærdal.
  4. ​Forhåpentlegvis kan ein håpe på ei kursendring frå Fellesforvaltninga sjølv om Nielsen held fram. Det er tydeleg at fleire og fleire grunneigarar er lei Nielsen sitt einerådande styresett og at fleire grunneigarar no ser ut til å engasjere seg all den tid dei merkar restriksjonsgalskapen direkte på pengetilstrøyminga si ift. særs låg etterspurnad etter fiske. Sjølv hadde eg berre for få år sidan 3-4 veker i elva, i år gidd eg nett so vidt å reise oppover i 4 dagar. Med ein monaleg god sesong i år, som eg faktisk trur blir ein realitet, skal det nok svært mykje til for at Nielsen og fraksjonen hans kan krisemaksimere seg fram til til å halde på gjeldande restriksjonsregime i åra framover.
  5. Jaggu på tide at grunneigarane sjølve tek tak ift. idiotiforvaltninga som har rådd grunnen siste åra. Bra!
  6. Langt frå uvanleg med oppgang av laks i Flekke på denne tida. I gang i Etne og! Fyrste laksen teken i oppgangsfella på søndag. Feit hofisk på 5,3.
  7. River Dee, Lærdal, Eidselva, Orkla, Årøy og Suldal. Anslagsvis rundt 80 døgn kvalitativt laksefiske. Har søkt på Altafisket og, men so heldig blir ein nok ikkje..! Har som mange andre, med rette, kutta kraftig ned på Trøndelagsfisket dei siste åra, men tek ei veke der i år og trass i idiotiforvaltninga av elva.
  8. Nei, trur nok ikkje det blir veldig "in" med glasfiber att i laksefiskekretsar. Men blant aurefiskarane har glasfiberstengene fått sin renesanse i ei einskilde mindre og kanskje litt sære kretsar...! Ser eit lite bruksområde sjølv der eg kan gå og vere litt nostalgisk og vippe ut ei line med ei slik stong, og so er det jo unekteleg litt kjekt å køyre fisk på slike slaskerajer og då!
  9. Jau dette er det ein før i tida kalla ei flannelskjorte. Den er i tillegg fora med microfleece. Eit kjempeplagg eg ikkje kan få fullrost nok. Har brukt skjorta på jobb, på pubtur og sjølvsagt på fisketurar. Det mest anvendelege fiskerelaterte plagget eg har hatt!:-)
  10. Gratulerar so mykje, Knut! Var det lang ventetid på Riverwatch stanga? Sjølv trur eg at eg kjem til å driste meg fram på ei Echo Glass Spey i 13', http://www.headhuntersflyshop.com/echo-glass-spey-rod-first-look/ Til den prisen må ein jo berre prøve ut ei slik kuriositet...!
  11. Heilt enig!! Men desse har vist seg dessverre å vere bort i mot umogeleg å få tak i etterkvart, spes. i #6... Fekk tak i nokon #4 for ei tid attende frå Canada. Nokon som veit om aktørar som sel 80525 i #6, so hadde eg vore særs takksam for eit tips...!
  12. Ja, det held i massevis. Får på plass ca 250 m. backing i tillegg til skyteline og klump. Brukar denne på 15' sjølv.
  13. Har ei Invictus som eg kjøpte i fjor. Har hatt gleda av å fått køyrt nokre laksar på snella. Er alldeles stålande nøgd. SAB-bremsesystemet er utruleg rått! Og so får du ei anodisering med kvalitet du ikkje får på andre sneller. Trur ikkje det finst noko betre snellekjøp i denne prisklassen... -Og so er det jo sjølvsagt litt kjekt å ha ei snelle som ikkje "alle andre" har...!
  14. Mykje kloke ord og godt reflektert!
×
×
  • Legg til ny...