Hopp til innhold

Trazan

Medlem
  • Antall innlegg

    24
  • Registrerte seg

  • Sist pålogget

Omdømme på forumet

2 Nøytral

Profilinformasjon

  • Kjønn
    Mann
  • Bosted
    Dale i Sunnfjord
  • Favorittfiske
    Laks og sjø-aure

Siste profilvisninger

Blokken siste besøkende er deaktivert, og vil ikke vises til andre brukere.

  1. Ser at ein i Danmark kallar oppdrettslaksen for burlaks, etter mitt syn eit av dei betre forslaga til namn på denne "fjøsfisken" http://www.dn.dk/nyheder/undga-at-spise-opdraettet-norsk-laks/
  2. Så er vi i gong igjen. Prøveresultat av oppdrettslaks i Tyskland viser funn av tilsetningsstoff som er 3 gonger nivået for tillatt grenseverdi i EU: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/laks/slaar-alarm-om-funn-av-tilsetningsstoff-i-norsk-oppdrettslaks/a/23877229/ Oppdrettsbransjen forsvarer seg på vanleg måte og veit som alltid best: Kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Marine Harvest, verdens største lakseprodusent, mener Greenpeace-rapporten er misvisende. – De har slått sammen nivåene av ethoxyquin og en metabolitt som kalles ethoxyquin dimer. Nivåene av ethoxyquin er langt lavere enn det Greenpeace fremstiller det som i rapporten, skriver Hjetland i en e-post. Han mener nivåene Greenpeace viser til er langt fra skadelige, og at de ikke er over grensen for akseptabelt daglig inntak. Kommunikasjonsdirektøren hevder videre at du kan spise 25 porsjoner Marine Harvest-laks hver dag, hele livet, uten å overskride WHO sin anbefalte inntaksgrense. – Det er trygt å spise oppdrettslaks, også med nivåene Greenpeace har funnet. Helsedirektoratet anbefaler faktisk alle, inkludert ammende og gravide, å spise mer laks. Jeg stiller meg derfor undrende til at Greenpeace har valgt å fokusere på dette. Det at Helsedirektoratet anbefaler at folk flest bør ete meir laks, er vel ikkje heilt det same som at det vert anbefalt å ete meir oppdrettslaks! Kvifor tillater vi oppdrettsbransjen å kalle oppdrettslaks for LAKS? Det er etter både feil og svært misvisande. Oppdrettslaks er oppdrettslaks og LAKS er LAKS! Ferdig med det! Klikk for å se kommentarene
  3. Eg har ei 13`7" Guideline Reaction klasse 8/9 som eg vurderer å selge. Dette er den fyrste utgåva, ikkje FRS-modellen. Den er av mange, også ansatte i Guideline, rekna for å vere ei betre stang enn FRS-utgåva. Stanga er lite brukt og har få bruks-merker. Det fylgjer tøypose og stang-container av aluminium med.
  4. Tenkjer vel at normal levealder for dei fleste normalprisa vadebukser er 3-4 år ved mykje bruk heile fiskesesongen. Vedlikehald spelar nok også inn. Trur som det er sagt av Mr.Bean at det er svært viktig å ikkje kjøpe for små vadebukser. Eg har hatt Simms sin forrige modell av G3 og den var det feil i sveisinga av sømmen. Den lak med ein gong eg vada over livet. Etter den kjøpte eg to Vision Radipor? vadebukser. Dei kosta 8-900 kr hjå Skitt Fiske, då dei var rimelege og ikkje hadde Simms. Fantastiske bukser! Dei er i allefall 5 år gamle og med litt stell funker dei fortsatt. Mykje lettare og luftigare enn Simms. Har i tillegg kjøpt ei Simms Headwaters på konkurssal. Den brukar eg når eg reiser andre stadar og fiskar. Den er og bra, men ikkje så behageleg som Vision-buksene.
  5. Eg skal aldri ha filt under vadesko igjen! Dette kjem av personleg erfaring. Sommaren 2003 gjekk eg sist med filt. Då sklei eg på ei grastue og datt på ryggen. Då eg skulle komme meg opp att, kunne eg ikkje bevege høgre foten under kneet. Den store muskelen over kneet var sliten tvers av! Sidan har det gått i Simms vadesko med gummisåler og studs. Funker heilt flott og glir ikkje på gras, noko eg tykkjer er viktig!
  6. I går, tysdag 05.05., var eg igjen på Solheimsbrua, nederst i Flekke/Guddalsvassdraget. Såg 8-10 laks. Den største var ikkje under 10 kg. Det kriblar no!
  7. Eg og ein kompis har denne stonga. Han bruker ofte eit GL FHI 8/9 og er fornøgd med det. Fisk får han òg. Eg har hatt større problem med å finne eit passande snøre. Men til slutt vart eg svært fornøgd. Eg sette på eit Scientific Anglers F/I kl. 8/9. Det går svært godt! Fisk får eg også på dette utstyret!
  8. Eg bør kanskje seie at det er berre dei 5 fiskane eg fekk telt og som eg såg tydeleg, som eg er sikker på hadde lusmerker på ryggen. Dei andre fiskane som eg berre fekk eit glimt av før dei flytta på seg, kan ha vore ny fisk eller utgytt fisk som skulle ut i sjøen att. Det er nokså vanleg at dei står samla rett over flomålet tidleg på året. Det som er fint med denne delen av elva, er at det tidleg på året er greitt å sjå fisk frå brua på Solheim. I år har den store snøsmeltinga ikkje starta enno, så elva er ikkje så stor enno. Difor ser ein fisken som står her. Nokre år er elva stor på denne tida og då er det vanskeleg å sjå noko. Å spotte tidleglaks som går på elva er nesten like moro som å fiske etter laks!
  9. Beklager, men dette var nok nygått fisk. Dei seinare åra har denne elva hatt ny fisk enno tidlegare enn dette. Eg kunne sjå merka etter lusa på bakre delen av ryggen. Det hender at ein på opningsdagen, 01.06. får fisk som er litt mørkare i skinnet enn nygått fisk, dvs at laksen har stått ei tid på elva. I fjor fekk eg min fyrste laks i denne elva 12.06.. Den var heilt utan lusmerker og litt raudbrun på farge, så den var nok ein april-fisk. For nokre tiår sidan starta fisket 15.05. og i "gamle dagar" hadde ein notfiske i sjøen tidlegare enn det - og fekk fisk. Trur vel ikkje at vi får skotske tilstandar, men ein del laks kjem tidleg, ser det ut for.
  10. Så er vi i gong! Var på Solheim, nederst i Flekke-elva i dag, 21.04.2015. Der såg eg ein stim med nygått laks! Fekk berre telt 5 stk, då dei andre vart skremt og flytta seg lenger opp i hølen. 3 var rundt 5 kg, men såg to som var større. Herleg syn! Nesten synd at vi må vente heilt til 01.06.! Men, ein treng litt tid til kastetrening! Sesongen lover godt! Kanskje kan andre rapportere om "spotta" laks?
  11. Vil berre opplyse om at eit døgnkort i Lakselva i 2013, for oss tilreisande, kostar kr. 850,-! Trazan
  12. Sjå: http://www.fluefiske-butikken.no/ds_product_info.php/cPath/57_62/products_id/812 http://www.rioproducts.com/fly-lines/freshwater/lake-sinking/aqualux/ http://www.startsiden.no/sok/index.html?lr=&q=rio+aqualux&from_fullsite=1 mvh Trazan
  13. Skal du starte med to-hands også no? No må du skjerpe deg! Trudde du hadde livstidskontrakt med ein-hands stenger! Trazan
×
×
  • Legg til ny...